Velkommen til Skålevik skule

Skålevik skule er ein barneskule i Fjell kommune, med vel 15 min. køyring frå Sotrabrua. I august 2013 vart elevar frå tidlegare Algrøy og Syltøy skular overførde til Skålevik skule, som i dag har om lag 135 elevar i 1.-7.klasse. Les meir…


Foreldremøte og besøksdag for nye 8.trinn

Vi har fastsatt to viktige datoar for nye 8.trinnselevar m/ foreldre som kan vere greitt for dykk å vite:  

Tysdag 13.03.18.  kl. 18.00-20.00: Foreldremøte for nye 8.trinnselevar
Tysdag 05.06.18.  kl. 08.15-11.45:  Besøksdag for nye 8.trinnselevar på Tranevågen ungdomsskule
                                kl. 18.00-20.00: Foreldremøte for nye 8.trinn

Alternativ til skulegudsteneste  

Tilbodet skal vere likeverdig og ikkje-diskriminerande. Skulen kan tilby ei samling med livsynsnøytralt kulturinnhald. Vi legg vekt på å skape ei stemningsfull og høgtidsstemt ramme med lystenning, bruk av tekstar og musikk utan religiøst innhald. Tema: nestekjærleik, respekt og toleranse.

Trafikk

Skulen oppfordrar dei vaksne heime om å minne elevane på korleis ein bør ferdast  i trafikken, spesielt at dei må sjå seg for når dei går over vegen og bruke refleks no i mørketida. Vi ønsker at alle skal vere trygge i trafikken!