27. april opnar skulen for 1.-4. trinn og SFO

Regjeringa avgjorde den 7. april at 1. – 4. trinn i grunnskulen og skulefritidsordninga (SFO) opnar 27. april. Det er ikkje avklart kva tid resten av grunnskuleelevane skal koma tilbake til vanleg undervisning. Men målet er at alle elevane skal koma tilbake til skulen før sommaren, på ein eller annan måte, dersom det er smittevernmessig forsvarleg.

Det er avgjerande for Øygarden kommune at alle foreldre, tilsette og barn skal kjenna seg trygge når dei kjem tilbake til barnehage og skule. Det er en føresetnad at vi har på plass gode smitteverntiltak før vi opnar barnehagane og skulane.

Fjernundervisninga held altså fram, som tidlegare, etter påskeferien.

Les pressemeldinga frå regjeringa

Her finn de oppdatert informasjon frå kommunen Øygarden kommune

Comments are closed.