Skulen vår

Skålevik skule er ein barneskule i Fjell kommune, med vel 15 min. køyring frå Sotrabrua. I august 2013 vart elevar frå tidlegare Algrøy og Syltøy skular overførde til Skålevik skule, som i dag har om lag 130 elevar i 1.-7.klasse. Skulen har også SFO, med om lag 50-60 elevar. Det er planlagt stor bustadbyggeing i skulekrinsen, og det er forventa auke i elevtalet framover.

Elevane kjem i hovedsak frå gardane Sekkingstad, Skålevik, Langøy, Syltøy, Lokøy og Algrøy.

Noverande skule vart oppførd i 1977, og seinare påbygd i 1997. For nokre år sidan vart bygningsmassen komplettert med eit mellombels brakkebygg, der m.a. adm. er lokalisert.

Skulen har eit flott naturområde, og elevane har tilgong til eit fotballanlegg med kunstgras like ved skulen. Det er store utmarksområde like i nærleiken. Skulen har eigen båt, og disponerer båtplass i Apalvågen, i gangavstand frå skulen. Det føreligg også planar om oppføring av eige naust.

Skulen sin visjon er: Saman om Aktivitet Læring Tryggleik, noko som forpliktarbåde elevar, tilsette og foreldre til å arbeida saman til felles beste. Vi nyttar antimobbeprogrammet Zero, og deltek også i Trivselsprogrammet. Vidare nyttar vi klasseleiingsprogrammet TSK (tydeleg, støttande klasseleiing).