Møte for føresette hausten 2017

Her er ei oversikt over møtene for føresette hausten 2017.

  1. klasse: Torsdag 14.09 kl. 17.30
  2. klasse: Onsdag 30.08 kl. 18.00
  3. klasse: Torsdag 14.09 kl. 18.30
  4. klasse: Tysdag 12.09 kl. 18.00
  5. klasse: Tysdag 19.09 kl. 17.30
  6. klasse: Tysdag 19.09 kl. 18.00
  7. klasse: Tysdag 19.09 kl. 18.00

5- 7. klasse har ca. 30 minutt fellesinformasjon i gymsalen. Dette byrjar kl. 18.00. 6- 7. klasse har møte klassevis etter dette, medan 5. klasse møter i klasserommet før fellesinformasjonen.

Korleis støtte barn som slit med engstelse?

Foreldre/føresette og tilsette i barneskulane i Fjell er inviterte til å lære om hjelpsame strategiar for å støtte barna slik at dei blir mindre engstelege og meistrar fleire utfordringar i kvardagen.

De finn invitasjon og meir informasjon om kurset her.

Innføringskurs i dans og drama

Har du ein dansar eller ein skodespelar i magen? Eller kanskje begge delar? Likar du å leve deg inn i ulike univers og roller? Likar du å kle deg ut? Er du glad i å bevege deg til musikk? Då er dette noko for deg.

Skålevik skule: torsdag 30. november til torsdag 22. februar

De kan lese meir her.

Sotraleikane

Nordre Fjell Friidrett skal 5.september arrangere Sotraleikane på Ågotnes stadion. Dette er eit lavterskel idrettsarrangement for alle barn frå 6-14år! Her vil dei få oppleve stor idrettsglede og meistring saman med andre barn. I fjor hadde dei over 130 påmeldte barn.

Les meir…

Skulekantine

Det blir skulekantine dei fredagane vi har arbeidsplan- sjå fredagstimeplan.
Oppstart av kantine er 8. september.
Siste kantinedag før juleferien er 17. november.
1- 4. klasse kan ha med 20,- til å handle for, medan 5- 7. klasse kan ha med 30,-

Velkomen til nytt skuleår

Elevane startar skuleåret onsdag 16. august. 

Første skuledag møter 2- 7. klasse ved inngangane til klasseromma kl. 08.30. 1. klasse møter kl. 09.00 på skuleplassen. Skuledagen varar til 12.20 for alle klassane.

SFO er open frå 07.00-08.30 og 12.15- 16.30.

Vi gler oss til eit nytt skuleår!

Les meir…

Heldig vinnar


Foto: Vigleik Brekke

Les meir…