Alternativ til skulegudsteneste  

Tilbodet skal vere likeverdig og ikkje-diskriminerande. Skulen kan tilby ei samling med livsynsnøytralt kulturinnhald. Vi legg vekt på å skape ei stemningsfull og høgtidsstemt ramme med lystenning, bruk av tekstar og musikk utan religiøst innhald. Tema: nestekjærleik, respekt og toleranse.

Trafikk

Skulen oppfordrar dei vaksne heime om å minne elevane på korleis ein bør ferdast  i trafikken, spesielt at dei må sjå seg for når dei går over vegen og bruke refleks no i mørketida. Vi ønsker at alle skal vere trygge i trafikken!

 

12 rette

6. klasse skal vere med i 12 rette torsdag 9. november kl. 17.30. Konkurransen er utanfor Baker Brun på Sartor senter. Alle er velkomne til å heie fram klassa!

Temamøte

Det var eit vellukka temamøte på onsdag med kommunepsykolog Anja Rogde. Takk til alle som kom.

Bruk buss og båt under Sykkel-VM!

Under Sykkel-VM kan du nytta deg av ekstra buss- og båtruter i regi av Fjell kommune.

Laurdag 23. september og sundag 24. september går det ekstrabussar til og frå arrangementssonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume. Videre frå Straume til Bergen sentrum går det eigne bussar. På sundag den 24. september går det båtrute mellom Ågotnes og Bergen sentrum.

Billettpris er kr. 30,- pr. reis. Billettar kjøpast elektronisk på førehand. Kjøp billettar her.

Skuleelevar, barn i barnehagane og foreldre har førsterett til å tinga billettar fram til torsdag 14. september klokka 16.00.

Her finn du ekstra bussruter, båtruter og infoblad om Sykkel-VM: