TSK

Barneskulane i Fjell har innført klasseleiingsprogrammet
TSK: Tydeleg, støttande og førebudd klasseleiing

Programmet handlar om

– å bygge gode relasjonar mellom lærar/ assistent og elev
– å legge til rette for og å vere på utkikk etter meistring hos elevane
– aktivt å støtte og forsterke meistringa
– å vere tydeleg på forventningar til elevane
– å handtere utfordrande åtferd
– å motivere elevane til samarbeid, innsats og ansvarleg åtferd
– betre arbeidsro, tryggleik og læringsmiljø
– å lage gode rutinar for krevande situasjonar.

Målet er at elevar og lærarar skal oppleve meistring og glede i klasserommet, og at elevane skal få auka motivasjon til samarbeid og innsats.