Velkomen til nytt skuleår!

Ønskjer alle elevar og føresette velkomen til nytt skuleår måndag 17. august.

  • 1. klasse:     kl. 09.00-12.20
  • 2.-7. klasse: Kl. 08.25-12.20
  • SFO har vanleg opningstid

Alle klassane møter ute på skuleplassen. Elevane i 1. kl. kan ha med seg føresette.

Korona – informasjon om skulekvardagen

Vi følgjer råda som Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet kjem med.
Slik situasjonen er no, startar vi opp på gult nivå:

  • Kvar klasse vert sett på som ei gruppe/kohort
  • Uteområdet vil bli delt opp for å skilje klassane frå kvarandre
  • Elevar og lærarar må unngå handhelsing, klemming og store samlingar

Vi skal framleis sørgje for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar på skulen skal følgje med på at elevane har det bra. I perioden framover vil vi vere ekstra nøye med å sikre godt smittevern. Vi er spesielt opptatt av:

  • Ingen skal møte på skulen eller sfo viss dei er sjuke
  • Vask hender før de kjem på skulen
  • God handhygiene og reinhald er viktig på skulen

Skuleskyss

Gult nivå: Elevar som er avhengig av skuleskyss, kan ta buss eller annan transport for å komme seg til og fra skolen. Elevene bør halde avstand til andre, men det er ikkje eit krav at elevane held ein meter avstand til andre medelevar, sjølv om dette er eit krav for andre reisande.

Køyring og henting av elevar
All av- og påstiging skal skje i området ved busshaldeplassen.

Føresette skal ikkje fylgje med inn på skuleplassen
Vi ynskjer ikkje at føresette følgjer elevar inn på skulen og sfo. Tilsette vil derfor vere til stades ute for å ta i mot elevane. Føresette til 1. kl. kan vere med første skuledag.

Comments are closed.