Viktig informasjon om skolekort skoleåret 2020/21

Ei ny skolekortløysning er under utvikling. Som følgje av dette vil elevane som allereie har skolekort, måtte nytte same kortet kommande skoleår. Skyss vil berre produsere nye skolekort til elevar i 1. og 8. klasse, og skolane vil få tilsendt oblat med riktig skoleår som kan delast ut til elevane som framleis har innvilga rett på skoleskyss. Dette inneber at skolen må samle inn alle skolekort ved skoleslutt, for å unngå tap av kort i sommarferien. Om skolen ikkje har samla inn kortet må eleven sjølv ta vare på det over sommarferien. Det er viktig at skolen vidareformidlar denne informasjonen til elevane/føresette. Nye elevar i andre trinn utanom 1. og 8 klasse, eller elevar som har fått endra adresse/skole, må tildelast ekstrakort ved skolestart. Ved bruk av ekstrakort må ein skrive på namn, skole og haldeplass. Hugs også å registrere kortnummeret i Cert. Sidan skolekorta blir samla inn av skolen, vil elevane kunne reise utan skolekort siste skoledag for sommaren og første skoledag i august, og alle sjåførar og kontrollørar skal vere informert om dette. Før skolestart vil alle skolane få tilsendt pakke i posten som inneheld nye kort til 1. og 8 klassingar, ekstrakort og oblatar.

Fom august er det ikkje lenger behov for å validere skolekorta Kortlesarane på bussane skal avviklast, og det er derfor ikkje lenger behov for å validere skolekorta på skolereisa. Ved ein eventuell kontroll vil skolekorta fungere som eit visningskort, og vi oppfordrar alle elevane til å ta vare på skolekortet i sekken sin.

Kontaktlærar samlar inn korta siste skuledagen.

Comments are closed.